Nå kan alle med symptom testast – men ring legen først

Klikk for stort bilete Cecilia Sandsmark Etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet, startar kommunane no testing av alle med mistanke om Covid-19. Mistanke vil framleis i hovudsak seia feber, hoste eller tung pust.

Information in English

Information in Arabic العربية

Personar med milde symptom bør vera heime og sjå an forma i to dagar. Viss symptoma ikkje går over tar du kontakt med fastlege som vil vurdera om du skal testast på luftvegslegevakta. På kveldstid og i helga, ring legevakta på 116 117. Ingen må møta opp utan avtale.

Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du ikkje gå på jobb, skule eller barnehage.

Er du alvorleg sjuk skal du framleis kontakta fastlege eller legevakt for helsehjelp.

Personar i risikogruppa kontaktar fastlege for vurdering av testing.

Den felles luftvegslegevakta i Klepp har god kapasitet dei nærmaste vekene, og har i det siste testa 60-80 personar til dagen. Kommunane (Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes) samarbeider om å auka bemanninga framover, i tråd med målet som myndigheitene har sett om å etter kvart testa 5 % av befolkninga i veka i kvar kommune.

Det kan ta opptil tre døgn før svaret på ein korona-test er klar.

Her finn du meir informasjon om testing

Slik fungerer luftvegslegevakta på Kleppe