Nå får du drikkevatn frå Langevatn igjen

to hender som skåler med vannglass - Klikk for stort bilete

Perioda med reserve-drikkevatn frå Hagavatn vassbehandlingsanlegg er nå ferdig.

Innbyggarar i Time får nå drikkevatn frå Langevatn i Gjesdal igjen, etter å ha fått vatn frå Hagavatn vassbehandlingsanlegg i Matningsdal i perioden 24. oktober til 21. november.

Årsaka til at det vart forsynt vatn frå Hagavatn i perioden var at det interkommunale selskapet IVAR jobba med å kopla saman ein ny hovedleidning på Kvernaland med Jærledningen.

Dermed var det i ein periode behov for stans i vassforsyninga frå Langevatn i Gjesdal, som vanlegvis forsyner deg med drikkevatn. Vatnet frå Matningsdal var heilt trygt å drikka, og vart mellom anna behandla med lut for pH-stabilisering og klor for desinfisering.