Nå er Ti turar i Time her!

I lag med Jæren turlag, gir Time kommune nå ut "Ti turar i Time 2021". Dei ti turane passar for både barn og vaksne. Ver med i trekninga av flotte premiar!

Klikk for stort bilete 

Nå er alt klart for ein ny runde med "Ti turar i Time". Heftet består av ti ulike turar, alle med overkomeleg vanskegrad. Turane finn stad heilt frå tett på sentrum til utover Høg-Jæren heilt sør i kommunen. Felles for alle turane er den flotte, jærske naturen. 

Du kan levera inn turkortet på Time rådhus, seinast 1. november 2021. Alle som leverer inn turkortet får ein turpremie. Dei som har gått alle turane er med i trekninga av flotte premiar.

Vis omsyn når du parkerer, slik at du ikkje hindrar eksempelvis grunneigerane med sine landbruksmaskinar å koma fram. Og hugs: ta med søppel heim!

God tur!

Trykk her for meir info.