Møte på tvers av generasjonar

Klikk for stort bileteDet er ofte god steming rundt bordet når 4-åringane frå Maurtuå bakar i lag med dei eldre på Sivdamheimen. Odd Ivar Nese Ein gong i månaden kjem 4-åringane frå Maurtuå barnehage på besøk til demensavdelinga på Sivdamheimen. Dette er besøk til glede for både store og små.

 Hausten 2019 starta Maurtuå barnehage dette samarbeidet med Sivdamheimen. Styrar i barnehagen, Marianne Byberg, fortel at det er eit populært tiltak blant 4-åringane:

- Ungane synes dette er kjempegildt, og dei gledar seg alltid veldig til neste besøk, seier ho.

Ved kvart besøk har ungane litt underhalding i form av song og dans, før dei deretter gjer kjekke aktiviteter i lag med ei eldre. Dette kan for eksempel vera baking, spel eller innebowling.

Avdelingsleiar ved demensavdelinga, Anne Dagny Versland, er godt fornøgd med samarbeidet som dei kallar «Samspel, helse og livsglede», og fortel at dei eldre synes det er kjekt med besøk: 

- Dei eldre synes det er kjekt når ungane kjem og lagar litt liv og røre. Det  blir ofte god stemning rundt bordet når dei for eksempel bakar boller i lag, seier ho.

Det er dei same barna som kjem på besøk kvar gong, slik at barna etter kvart blir betre kjent med dei eldre. Til neste barnehageår er planen at det blir to barnegrupper som skal på besøk. Byberg seier at dei ikkje kjem til å slutta med desse besøka med det første:

- Dette er kjekt for både store og små, og det er derfor noko me ønsker å fortsetta med, avsluttar ho.

Klikk for stort bileteKvar månad kjem 4-åringar frå Maurtuå på besøk til demensavdelinga på Sivdamheimen. Odd Ivar Nese

Klikk for stort bileteKvart besøk startar med litt underhaldning, mellom anna sang. Odd Ivar Nese