Møte i barn- og unges kommunestyre

Tysdag var 40 elevar frå 4.-10. trinn samla til barn- og unges kommunstyre (BUK).  Alle 10 skulane i Time kommune stilte med representantar frå elevråda sine.

Klikk for stort bilete   

    

Ordføraren ønskja velkommen, og benytta anledningen til å gje deltakarane god informasjon og opplæring i reglane som gjeld ved møter i eit kommunestyre. 

Rådmann, ordførar og formannskapssekretær sat framme og leia møte. Varaordførar skulle veljast blant dei 40 unge deltakarane, og det vart Malene Rikstad frå Bryne skule som tok plass i det ledige sete ved sidan av ordføraren. Varaordøraren si oppgåve var å halda kontroll på talarlista. 

Representantane i kommunestyre fekk innledningsvis høyra om adventslys på Bryne torg som skal tennast 1. søndag i advent. Adventslysa blei valgt i vedtak som blei gjort i BUK i 2018 når dei fordelte tildelte midlar.

Representantane fekk også informasjon om at Time kommune frå nytt år for fyrste gong skal etablera eit Ungdomsråd. I ungdomsrådet skal det sitta 9-11 ungdomar mellom 13-18 år, og dei skal få forelagt alle saker som gjeld barn og unge, slik at dei kan senda uttale til kommunestyre som skal behandla sakene. 

Ellers på sakslista i årets møte var det bedt om innspel til korleis den enkelte skule arbeider med det psykososiale læringsmiljøet. Kvar skule var framme i talarstolen og presenterte kva dei var opptatt av på sin skule. Representantane hadde forberedt seg godt og hadde fine framlegg.

Etter lunsj var det fordeling av midlar som stod på sakslista. På førehand var det sendt inn forslag frå kvar skule til kva dei ville bruka kr. 75 000,- på.  Det var mange gode forslag som blei diskutert og argumentert for. Etterkvart som deltakarane vart varme i trøya vart talarstolen flittig brukt. 

Til slutt var det avstemming, og det var ein spennande duell mellom Bryne ungdomsskule og Frøyland skule. Til slutt var det Bryne ungdomsskule som gjekk av med seieren. Badebrygge med stupebrett i Åsenvatnet var forslaget som fekk flest stemmer frå representantane i barn- og unges kommunestyre 2019.  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete