«Menn i helse» søker helserekruttar

Klikk for stort bilete"Menn i helse" søker etter nye rekkruttar i 2020.Time kommune er med i eit nasjonalt rekrutteringsprogram kor menn med rett til støtte frå NAV får tilbod om eit komprimert utdanningsløp som helsefagarbeidar.

Til nå er ca. 100 menn i Rogaland undervegs eller ferdige med utdanninga. Me gjentar suksessen og tilbyr nytt kull frå 2020. Det vert arrangert informasjonsmøte 28. januar på Folkets hus i Stavanger.

På informasjonsmøtet får du informasjon om Menn i helse, utdanninga og moglegheit for arbeid som helsefagarbeidar. I februar gjennomfører me intervju. Etter intervjuet vil kandidatane som er eigna og motiverte få tilbod om 12 veker praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande arbeidsplass.

Om helserekrutten viser seg eigna og motivert for yrket, vil han etter ny silingsprosess få tilbod om sommarjobb. Etter evaluering av sommarjobb, vert det vurdert om helserekruttane er vidare med i utdanningsløpet.

Ta kontakt med din lokale NAV-rettleiar for å få avklart om du mottar eigna støtte frå NAV.

Påmeldingslenke til informasjonsmøtet finn du her:
Påmelding til informasjonsmøte

Meir informasjon om prosjeket finn du her: 
www.mennihelse.no