Me søker ein løysningsorientert og samlande leiar

Time kommune har ledig stilling som plan- og forvaltningssjef. Søknadsfrist er 31. oktober.

Time kommune søker ein løysningsorientert og samlande leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av verksemdsområdet plan og forvaltning i Time kommune.

Time kommune er ein kommune i vekst og med Bryne som regionssenter for Jæren. Utvikling av Bryne som by og regionsenter, saman med utvikling av industri og landbruksnæring vil vera sentrale arbeidsoppgåver.


Plan-og forvaltningssjef er administrativ leiar for verksemdområdet som består av avdelingane plan, byggesak, geodata og landbruk. Verksemdområdet har 20 årsverk. Plan-og forvaltningssjef vil få ansvaret med å sørge for god og effektiv drift av det samla verksemdsområdet innanfor kommunale planer, budsjett og gjeldene lov- og regelverk.

Plan- og forvaltningssjef inngår i kommunalsjef Samfunn si leiargruppe, og tenesteområdet Samfunn består av verksemdene eigedom, plan og forvaltning, kommunalteknikk og kultur.

Sjå heile stillingsutlysninga og søk via Finn.no