Me må stå saman – utan å vera saman

Klikk for stort bileteRegjeringa kom i går med nye nasjonale tiltak for å bekjempa koronapandemien. Hovudbodskapen er at folk skal halda seg mest mogleg heime, og begrensa den sosiale kontakten med andre dei neste vekene.

Ordførarane i Time, Klepp og Hå ber folk om å følga smittevernråda, og ta vare på kvarandre i ei krevjande tid:

- Erna Solberg var tydeleg på at situasjonen er alvorleg. Me har allereie hatt ein del smitte i regionen vår, og nå må me gjera det me kan for å hindra vidare smitte. Mi klare oppfordring til jærbuen er at me alle må ta dette på alvor, og følga smittevernråda. Det er spesielt viktig at me viser omsyn til personar i risikogruppene, seier ordførar i Time, Andreas Vollsund.

Eit av dei nye råda er at unge og vaksne som har vore i situasjonar der dei ikkje har klart å halda ein meter avstand, bør halda to meter avstand til personar i risikogruppene.

Samtidig som det er viktig å følga smittevernråda, er ordførarane også opptekne av at me tek omsyn til kvarandre:

- For nokre er det ekstra utfordrande at me skal halda oss mest mogleg heime, og einsemd kan verta ei utfordring. Eg vil derfor oppmoda folk til å halda kontakt med kvarandre på andre måter nå når me skal halda oss mest mogleg heime, seier Vollsund vidare.

Dugnad

Ein ny nasjonal dugnad må til. Jærbuen er dugnadsfolket framfor nokon andre. Ordførarane er dermed trygge på at jærbuane vil yta sitt i denne krevjande situasjonen:

- Me er ikkje ukjende med å ta i eit tak når det trengs. Det såg me tydeleg under koronadugnaden i vår, og det reknar eg med at me vil sjå dei neste vekene også, seier ordførar i Hå, Jonas Skrettingland.

Kommuneoverlegane på Jæren gjekk tidlegare i veka ut og råda til at arrangement for barn og unge bør prioriterast framføre arrangement for vaksne. Dette rådet er fortsatt gjeldande:

- Vurder om det er nødvendig å ha det aktuelle arrangementet. Kanskje er det betre å utsetja eller avlysa arrangementet slik situasjonen er no. Det er viktig at me skåner barna mest mogleg, og då er det betre at me vaksne tek støyten, seier Skrettingland.

Han viser til dei nasjonale reglane som set ei grense på inntil 20 personar på private samkome på offentlege stader, og 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte sete. Endringa blir sett i verk frå midnatt natt til måndag 9. november.

Foreløpig ikkje lokale tiltak

Regjeringa opnar også for at kommunar med mykje smitte kan setta inn ytterlegare tiltak. Slik situasjonen er no set ikkje kommunane på Jæren inn eigne tiltak. Det betyr mellom anna at svømmehallar, idrettsanlegg og kulturbygg kan halda ope, og at folk kan halda fram med organisert aktivitet der det er eigne smittevernreglar. Ordførarane understrekar at dei følger situasjonen tett:

- Me har ikkje sett inn eigne tiltak på Jæren utover det som regjeringa har beslutta, men me er klare til å gjera dette dersom det trengs. Alle håper sjølvsagt at me ikkje kjem i ein slik situasjon, men dette er uansett noko med forbereder oss på, seier ordførar i Klepp, Sigmund Rolfsen.

Han understreker at det er tett samarbeid mellom dei tre kommunane, og at eventuelle lokale tiltak vil vera noko kommunane i så fall går i saman om å innføra.