Me må halda smittevernkondisen oppe

Beredskapsleiinga i  Klepp, Time, Gjesdal og Hå deler ein felles uro for korleis smittesituasjonen vil utvikla seg dei neste tre vekene. 
Klikk for stort bilete 

Mange er i desse dagar på veg tilbake frå ferie. Neste veke startar skule og barnehage opp for fullt, og mange må nytta seg av kollektivtransporten. Dette vil legga press på smittevernet. 

-Det er svært viktig at me tek smitteverndugnaden på alvor, og følgjer råda frå helsestyresmaktene. Me må halda dugnadskondisen oppe, seier kommuneoverlege i Hå, Gerd Signy Omland. 

Sjølv om det per i dag er registrert lite smitte på Jæren, viser episodar rundt i landet at det er lite som skal til for at situasjonen blir snudd på hovudet.  

-Ein god innsats frå oss alle, kan legga gode føringar for hausten, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Øgaard. 

Symjehallar stengt for publikum 

I denne perioden fram til 1. september vil dermed symjehallane i dei fire kommunane halda stengt for publikum. Klepp og Time vil opna for symjeundervisning i skulen, mens Gjesdal og Hå avventer symjeundervisninga fram til 1. september. Med den sommarvarmen me har ute nå, kan jærbuen kanskje heller ta seg eit forfriskande bad i sjøen? 

Ny rutine for testing 

Frå og med onsdag 12. august treng innbyggarane ikkje ha henvisning frå lege for å bestilla covid 19-test. Alle kan ringa direkte til legevakta for å bestilla tid for test.  
* Dagtid: ring 51 68 31 50  
* Ettermiddag, kveld og helg: ring 51 42 99 99 

Ingen må møta opp utan avtale. Det er dessutan viktig at ein møter opp presis til den tida ein får tildelt, og ikkje lenge før. Det vil skapa unødig kø.