Matrikkel er stengt frå 1. desember 2019 til 1. januar 2020.

Klikk for stort bilete Er du er i gang med ei delings-, seksjonerings- eller samanslåingssak av eigedomen din? Matrikkelen stenger ein kort periode ved slutten av året, og det vil påverka tidspunktet for matrikkelføring og tinglysing av eigedomsendringar.

Matrikkel er stengt for all oppdatering i perioden 1. desember 2019 kl. 18.00 til utløpet av 1. januar 2020. For endringar som skal tinglysast (for eksempel frådeling av ny eigedom eller seksjonering) er siste dag for oppdatering i matrikkelen sett til 29. november.

Me anbefaler å vera tidleg ute for å få tinglyst saker som krev matrikkelføring før årsskiftet.

Merk deg datoane

Seksjoneringssak utan oppmålingsforretning som du ønsker matrikkelført innan 1. desember må vera komplett innan 1. november. 

Frådeling og arealoverføring av eigedomar som du ønsker matrikkelført innen 1. desember må vera ferdig saksbehanda 25. november. Dette vil berre vera aktuelt for saker med vedtak før 1.oktober.

Innsynstenestene held ope

Innsynstenestene til Kartverket, eksempelvis norgeskart, seeiendom og E-handel, er tilgjengelege gjennom heile perioden registera er stengt. Tenestene vil visa data frå frystidspunktet.

For meir informasjon, sjå nettsidene til Kartverket.