Maiken Stene er valt som kunstnar for kunstprosjektet i Vardheia ungdomsskule og Vardheihallen

Maiken Stene sitt prosjekt «Landet lyt liggja» skal utsmykka og utfordra ungdommen ved Vardheia ungdomsskule og Vardheihallen.
Klikk for stort bilete Aleksander Johan Andreassen  
 

Det kom inn tre ulike og spennande forslag til konkurransen om utsmykking av Vardheia ungdomsskule og idrettshall.  Juryen har i sin konklusjon (PDF, 283 kB) kome fram til at Maiken Stene sitt forslag er vinnar av konkurransen. 

Bildet «Det er mellom deg og utsikten», 2018 er eit eksempel på Maiken Stene sitt uttrykk i ei soloutstilling ved Akershus kunstsenter sommaren 2018. 

Klikk for stort bilete Istvan Virag  

 

 

 

 



Vardheia ungdomsskule og Vardheihallen​​​​​​​ er eit interkommunalt samarbeid mellom Time og Klepp kommune.  Skulen og idrettshallen skal vera klare til bruk til skulestart hausten 2021.  Då skal også kunsten vera på plass.  Utsmykkinga har ei samla kostnadsramme på 900 000 kroner.

Kontaktpersonar for kunstprosjektet er
Maiken Stene, kunstnar, tlf. 984 79 704
Marit Aanestad, kunstkonsulent for prosjektet, tlf. 911 69 603
Pamela Sudmann, skulesjef Time kommune, tlf. 938 30 972