Luftvegslegevakta er avvikla men teststasjonen held fram

Luftvegslegevakta på Klepp vil frå 1.12 gå over til å vera ordinær legevakt for alle innbyggarane i Klepp og Time, slik det var før pandemien. Anita Stokdal  

Har du luftvegssymptom og treng legetilsyn, kontakt først og fremst din fastlege.

Ring 113 dersom det er fare for liv ved alvorleg sjukdom, skade eller ulykke.
Ring legevakta 116 117 dersom det er akutt skade og sjukdom som ikkje kan venta til neste dag.

Sjukepleiar ved legevakta vil gje deg råd på telefon og vurdera grad av hast før du kan komma til legevakta.

Har du luftvegsymptom eller feber vil du få beskjed om å venta i bilen til du blir henta inn på eit rom på legevakta.

Har du ikkje feber, luftvegsymptom eller andre smittsame sjukdommar, kan du gå inn på legevakta og sitta på venterommet. Bruk munnbind på venterommet og inne på legevakta.

Teststasjon

Teststasjonen ved Kleppetunet, Olav Hålandsveg 2 held fram som før. Bestill time på https://c19.no/ eller ring 51 68 31 50 (dagtid 08-15) eller 51 42 99 99 (ettermiddag, kveld og helg).

Du kan dessutan henta gratis hurtigtest på teststasjonen, kvardagar 09.00-11.00 og 12.30-17.00, laurdag og søndag 09.00-11.00 og 12.30-14.30. 

Du kan også henta hurtigtestar her: 

  • Time rådhus (mån-fre kl. 09.00 - 15.00)
  • Teststasjonen ved Klepp legevakt kvardagar 09.00-11.00 og 12.30-17.00, laurdag og sundag 09.00-11.00 og 12.30-14.30.
  • Coop Prix Undheim 
  • Coop Extra Lye
  • Coop Extra Kvernaland
  • Kiwi Rosseland
  • Shell v/ M44 

    Viss din hurtigtest er positiv, ring smittesporinga i Time på tlf Telefon 903 60 795 (ope klokka 09.00 - 22.00)