Luftvegslegevakt i Sandnes på dagtid

Klikk for stort bilete Cecilia Sandsmark I samband med koronapandemien har Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå hatt felles luftvegslegevakt på Kleppe. Frå 2. juni vil legevakta på Sandnes overta som luftveglegevakt på dagtid, medan legevakta på Kleppe fortsetter med dette kveld og helg.

Ring fastlegen i opningstida, og legevakt på 116 117 kveld og helg og du vil få beskjed om kvar du skal møta.

Information in English        Information in Arabic عربى

Felles luftvegslegevakt for Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå:

Kvardagar kl 08-15
Sandnes legevakt tek imot telefon og pasientar med luftvegssymptom som treng legetilsyn frå alle fem kommunane.
Adresse: Brannstasjonsveien 2, 4312 Sandnes

Kvardagar kl 15-23, helg og helgedagar 08-23:
Luftveglegevakta i lokala til Klepp og Time legevakt tek imot telefon og pasientar med luftvegssymptom som treng legetilsyn frå alle fem kommunane.
Adresse: Olav Hålands veg 2, 4352 Kleppe

Ingen skal møta opp utan å ringa 116 117 først!

Koronatesting:

Det er framleis luftvegslegevakta på Kleppe som utfører koronatester. Du må avtala tid for å komma til testing. Avtalen kan gjerast via fastlege, eller ved å ringa 116 117. Testing skjer når du køyrer inn i telt som er sett opp på den store parkeringsplassen mellom Sirkelen-bygget og Kleppetunet i Olav Hålandsveg 2 i Klepp. Følg skiltinga som viser kor du skal kjøre.

Ordinær legevakt:

På kveld og helg er det dei ordinære legevaktene i Sandnes og Hå som tek imot pasientar som ikkje har symptomer frå luftvegane.

Hå legevakt undersøker innbyggarar frå Time og Hå. Sandnes legevakt undersøker innbyggarar frå Klepp, Sandnes og Gjesdal.

Ingen skal møta opp utan å ringa 116 117!

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din
Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117
Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117

Du vil få beskjed om kvar du skal møta opp.