Søndag 3. januar annonserte regjeringa fleire nasjonale smitteverntiltak. Mellom anna vert alle anbefalt å unngå gjester i heimen dei neste 14 dagane. Det vert òg anbefalt å utsetja alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klasser/kohortar.
Måndag 4. januar vart Klepp kommune, Time kommune, Hå kommune og Gjesdal kommune einige om følgande lokale tiltak som er gjeldande fram til 18. januar:
Symjebasseng
- Alle symjebasseng er stengde for publikumssymjing.
- Symjeundervisning i skuletida vil bli avgjort av kvar enkelt kommune/skule. I Time vert det symjeundervisning på skulen i faste kohortar.
Idrettshallar/gymsalar
- Alle kommunale idrettshallar og gymsalar er stengde for organisert trening, og alle idrettslag vert oppfordra til å stenga sine hallar. Toppidretten har eigne retningslinjer og er unntatt for stenging.
- Undervisning i skuletida kan verta gjennomført i faste kohortar.
Utandørs idrettsanlegg
- Alle utandørs idrettsanlegg er opne. Organisert trening må verta gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar og rettleiar frå det enkelte særforbund.
Kulturskular
- I Time vert både gruppe- og individuell undervisning digital i denne perioden.
Fritidsklubbar
- Det ordinære tilbodet vert stengt.
Bibliotek
- Biblioteka er opne, men dei fleste fysiske arrangement er avlyste.
Politiske møte
- Alle politiske møte vil vera digitale i perioden.
Rådhusa
- Dei fleste tilsette på rådhusa har heimekontor.
- Me oppfordrar på generelt grunnlag alle til å ta kontakt digitalt eller via telefon.
- I Time vil Innbyggarservice vera tilgjengelege på rådhuset.
Alle kommunane prøver så langt dei kan å oppretthalda tilboda til barn, unge, eldre og sårbare grupper.