Livsgledefestival, trass alt

Koronaen sette visse grenser for Livsgledefestivalen, men festival vart det.

I staden for mange arrangement for alle aldersgrupper har Livsgledefestivalen i år prioritert dei som bur i ein av institusjonane eller bufellesskap i Time. Det har vore fullt program heile veka med god mat, underhaldning og godt drøs. Arrangørane er personalet sjølv med litt hjelp frå Time kommune, Time frivilligsenter, Lions og ein del frivillige.

Kinokonsert og humor

Torsdag sette Storstova Hovering Orville og Vigdel på scena for å servera kinokonsert til alle elevane på 8. trinn. - Skal det nå først vera slik at ein må sitja på konsert så får me heller skru det visuelle opp til 11, meiner Storstova.

Kinokonsertane med Hovering Orville og Vigdel kan alle få oppleva når Storstova i samarbeid med Ranglerock set opp konsertane i Storstova laurdag. I tillegg vert det humor når Rune Bjerga kjem til Storstova fredag kveld med standupshowet "Endelig".

Glimt frå Livsgledefestivalen 2021