Litt om renovasjonsordninga i Time

Eit samandrag om dei ulike ordningane i Time kommune. Klikk for stort bileterenovasjon. Cecilia Anne Marie Sandsmark  

I tømmekalenderen (PDF, 4 MB)finn du kva dagar bosset vert henta på di adresse. Hugs å setta fram dunkane før kl. 06.00 på hentedagen. Me anbefaler også å lasta ned renovasjonsappen vår slik at du kan få melding dagen før tømmedagen. Her vil også eventuelle endringar i tømmedagar visa. Appen kan lastast ned i App Store og Google Play. Søk etter «Renovasjon Time kommune».
Time kommune sender ikkje ut tømmekalender i papir i posten.

Anna informasjon om renovasjon
Glas- og metallemballasje skal kastast på miljøstasjon

Matavfallsposar: Har du snart brukt opp matavfallsposane så knyt ein pose på dunken, så leverer renovatørane ut ein ny rull. Dei med nedgravne containerar må ta kontakt med kommunen for å bestilla nye rullar. Rullar med matavfallsposer kan de også henta hos Innbyggarservice på rådhuset.

Henting av avfall: De kan bestilla henting av hageavfall, grovavfall og farleg avfall på nettsida www.hentavfall.no  Her er det nå lagt inn fleire hentedagar enn tidlegare.  De får opp alternative hentedagar når de legg inn bestillinga.

Ikkje henta avfall: Vert ikkje bosset henta som avtalt, så melder de dette inn på skjema meld feil 
La dunken stå framme.  Det kan gå opp til 3 arbeidsdagar før duken vert henta.

Øydelagte søppeldunkar: Meld frå på skjema  om ein av dunkane er øydelagde. La dunken stå framme, og han må vera tom, så vil han verta bytta ut med ein ny.

Endring av abonnement:  treng de større eller mindre dunk, så melder de frå om dette på skjema for endring av abonnement 

Ekstra restavfall kostar 50 kroner per sekk.
Skal du levera meir restavfall enn det er plass til i dunken, kan du betala for å få levera med ekstra sekk(ar).
Du kan betala med vipps nr 601079.  Transaksjonsnummeret du då får oppgjeve skriv du med tusj på sekken.  Bruk gjennomsiktig sekk.
Pris per sekk er 50 kroner.

Sekk(ar) med restavfall set du saman med dunken når det er tømming av restavfall.