Lettar på tiltaka

Frå og med i dag, torsdag 4. februar, opnar Klepp, Time, Hå og Gjesdal opp for organiserte idrettsaktivitetar innandørs for vaksne over 20 år, i grupper på inntil 10 personar.

Merk at smittevernråd- og reglar som er utarbeidd for kvart enkelt forbund/aktivitet gjeld. Det er ikkje fritak for avstand (1 meter) blant vaksne ved innandørs trening, slik som det er for barn.

Dessutan kan symjehallane opna for offentleg bading igjen frå og med måndag 8. februar, med dei nasjonale smittevernreglane som gjeld for symjehallar.

Dei nye anbefalingane er bestemt ut frå det låge smittenivået me har hatt dei siste vekene, og av omsyn til folkehelsa. Kommunane følger situasjonen tett og samarbeider fortløpande om å vurdera tiltaka lokalt. Dersom smittenivået endrar seg kan det komma innstrammingar igjen.

I tillegg opnar Time kommune Storstova kulturhus og Bryne kino for inntil 200 gjester i tråd med gjeldande nasjonale retningslinjer. Merk at regjeringa rår publikum til ikkje å kryssa kommunegrensene for å delta på kulturarrangement.

Dei fire kommunane følger elles nasjonale tiltak og reglar. Her er ei oppsummering:

Symjebasseng

  • NYTT: Symjebasseng opnar for offentleg bading frå måndag 8. februar.

Idrettsanlegg

  • NYTT: Det er opna for organiserte idrettsaktivitetar innandørs for vaksne over 20 år, i grupper på inntil 10 personar.
  • Alle kommunale idrettshallar og gymsalar er opne for organisert aktivitet for barn og unge under 20 år.
  • Alle utandørs idrettsanlegg er opne.
  • Organisert trening må verta gjennomført i tråd med gjeldande smittevernreglar og rettleiar frå det enkelte særforbund.
  • Toppidretten har eigne retningslinjer, og skal følga desse.
  • Alle idrettslag vert oppfordra til å avlyse kamper, turneringar og stemne i tråd med regjeringa si anbefaling.

Kulturskular

  • Kulturskulane er opne for fysisk oppmøte.

Fritidsklubbar

  • Fritidsklubbane er opne, med nokre begrensingar.

Bibliotek

  • Biblioteka er opne.

Rådhusa

  • Dei fleste tilsette på rådhusa har heimekontor. Me oppfordrar på generelt grunnlag alle til å ta kontakt digitalt eller via telefon.

Storstova og Bryne kino

  • Ope for inntil 200 gjester.  Merk at regjeringa rår publikum til ikkje å kryssa kommunegrensene for å delta på kulturarrangement.