Lærlingskule for nye lærlinger

Fredag 11.september hadde me alle nye lærlingar i Time kommune samla til lærlingskule.​ ​

Klikk for stort bilete 

Dette var første av fire samlingar denne hausten. På lærlingskulen er det opplæring i kommunale system, lovar, reglar, sjukefråvær, psykisk helse, etikk, verdiar, og mykje anna som er viktig i arbeidslivet. På læreplassane står sjølve faget dei har valgt i fokus, og tilsaman vil dette gje eit godt grunnag for lærlingane til å verta gode arbeidstakarar om eitt par år. 

Det var kjekt å sjå alle dei positive forventningane dei hadde til dei to åra som nå ligg foran dei.