Formålet med Byggeskikkprisen er å motivera til auka innsats og bevisstgjering for god byggeskikk i Time kommune.
Kven kan få byggeskikkprisen?
Time kommune sin byggeskikkpris vert gitt til einskildpersonar, firma eller lag og foreiningar.
Ein kan gje prisen for nybygg, tilbygg, rehabilitering eller vern som på ein framifrå måte tek opp i seg dei lokale forholda. Særleg god arkitektur, universell utforming, materialbruk og detaljutforming bør vektleggjast.
Prisen kan ein og gje til andre tiltak som parkar, hagar og uteanlegg som i utforming og tilpassing gjer Time til ein god kommune å opphalda seg i eller vera i. Prisen skal tildelast eit anlegg/prosjekt som er ferdigstilt.
Kandidatar til byggeskikkprisen
Alle kan foreslå kandidatar til byggeskikkprisen. Forslag må leverast skriftleg til Time kommune.
Søknads- og forslagsfrist er 15. oktober 2023.
Send inn forslag