Kva er viktig for deg?-dagen vert markert 9. juni

Bilde av hage og folk som prater - Klikk for stort bileteSvendsenhuset inviterer til open hage og god drøs.

Torsdag 9. juni skal “Kva er viktig for deg?-dagen” markerast over heile landet, og i Time kommune vert det open markering kl.12:00 i den blomstrande bakhagen til Svendsenhuset, i Hulda Garborgs veg 7 på Bryne. 

Her blir det servert noko godt å bite i over god drøs, og alle er velkomne til å ta turen innom! 

Målet med Kva er viktig for deg?-dagen er å oppmuntra til fleire gode samtalar mellom dei som gjer helse- og omsorgstenester og dei som mottek desse tenestene.  

Denne dagen blir helsepersonell oppfordra til å stilla eit enkelt, men viktig spørsmål: Kva er det pasienten treng, ynskjer og håpar på?  

Å flytte merksemda frå “kva feilar det deg?” til “til kva er viktig for deg?” bidreg til ei viktig retningsendring i helsevesenet.  

Dagen kan òg vera ei god påminning til alle om å spørja sine medmenneske om korleis dei har det og kva som er viktig for dei.