Koronamidlar til næringslivet

Time kommune har mottatt 1,6 millionar kroner i tilskotsmidlar til verksemder som er ramma av  koronapandemien. 
 Klikk for stort bileteVipe Ingve Lende  

Ordninga skal gjera kommunane i stand til raskt å kunna hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma i koronasituasjonen med lokale eller nasjonale smitteverntiltak. 

Den skal også fungera som ei ventilordning for å kompensera lokale verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kommunane skal bruka midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særlig støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Sjå mer informasjon i tildelingsbrevet frå kommunal- og moderniseringsdepartementet 

Kven kan søka

Målgruppa er lokale verksemder som er særlig hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Verksemder som har hatt auka kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstengning, og som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor andre kompensasjonsordninger vert prioriterte.

Kommunen oppfordrer aktuelle bedrifter til å søka.

Kor mykje kan ein få

Rekna tilskot til den enkelte bedrift vil verta basert på kor mange søknadar som vert mottekne, og vurdering knytta til blant anna bransje, størrelse og kor hardt bedrifta er ramma. 

Prinsipp for tildeling går fram av FSK sak 24/21. I Time kommune er det et utval som vil vurder søknadne og fordela midlene. 

Korleis søka

Søknad skal sendast inn på kommunen sin søkeportal.

Frist for å senda søknad er 26. april.

 

Kontakt
Reidar Hebnes
Næringssjef
E-post: reidar.hebnes@time.kommune.no
Mobil: 975 87 654