Korleis har du det - eigentleg?

Klikk for stort bileteI desse dagar får du som innbyggar i Time kommune sjansen til å setta ord på korleis du har det.

Dette kan du gjera gjennom folkehelseundersøkinga me gjer i samarbeid med Rogaland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). 

Både trivsel, livskvalitet og eigenvurdert helse skal kartleggast i ei omfattande folkehelseundersøking i Rogaland.

Svara som innbyggarane gir vil vera eit viktig bidrag i arbeidet med å gjera kommunen til ein betre stad å bu.

Undersøkinga vert tilgjengeleg frå 14. september, og vil vera open i tre veker. I dette tidsrommet vil Folkehelseinstituttet senda ut invitasjonar på SMS og e-post til tilfeldig valte innbyggarar.

Dersom du ikkje får SMS eller e-post, kan du delta i undersøkinga med å bruka denne lenka. For å svara på undersøkinga må du vera over 18 år og bu i Rogaland. 

Me vil trekka ut ti vinnarar blant deltakarane, som vil motta eit gåvekort på 1000 kroner.

Det er viktig at flest mogleg deltek for å sikra eit rett bilde av situasjonen i befolkninga.

Me oppfordrar særleg unge vaksne til å delta.