Korleis førebu seg til å bu heime lengst mogleg

Dette og meir til fekk pensjonistane høyra om på seniordagen 2022 
Eva Owen   

Onsdag 1. juni var det igjen seniordag i Bryne kino.  
Her fekk dei frammøtte mellom anna høyra om korleis dei kan legga inn trim i kvardagen, om aldring, helse og det gode liv. 

Anita Stokdal  Jorunn Line og Greta Thorsen Hegge
- spennande foredragshaldarar.  Her var det mykje å læra.
Noko de sakner i programmet?
- Då det vart nemnd  det med Døråpnere, det kjenner me oss igjen i.  Me har også etterspurt dette, men ikkje fått noko godt svar på det.

 


Lars O Larsen syntes "han legen (Geir Sverre Braut red.anm.) som snakka først  var jo berre gull.  Spennande når nokon kan forklara slike fakta i klartekst.  Så fekk eg mykje ut av dei som snakka om husbanken.  Her var det mange gode råd både til oss sjølv og til etterkomarane våre. 
Anita Stokdal  Er det noko du saknar i programmet? 
- De kunne godt fortalt litt meir om kva som føregår for dei eldre i kommunen. 

 

 

 

 

 

Til slutt snakka me litt med Marit Sørensen. Kva syntes du er bra med programmet? 
Anita Stokdal  - Heile programmet i dag inneheldt mykje av interesse for meg og dei rundt meg.  Her var mange gode tips som eg tenker me alle har godt av å verta minna på at finnes.  At det med å vera i vigør og bevegelse har mykje å seia er jo interessant.  Det viser jo berre kor viktig det er å koma og få ei påminning.  Ein god latter forlenger livet er jo sant.  Det var godt med Ståle Ree til slutt.  Det friska skikkeleg opp.  
Det var bra med kulturelt innslag.  Det er flott at me får sjå og høyra dei flike ungdommane me har i kommunen.  Dette var jammen eit bra avbrekk i kvardagen. 
Er det noko du saknar i programet? 
Eg kunne tenkt meg å høyra litt meir om framtidsfullmakt. Det trur eg er eit så viktig tema at me godt kan repetera, avslutter Marit Sørensen. 

​​​​​​​