Konfliktrådsmeklar

Det er behov for ny konfliktrådsmeklar i Time.
Klikk for stort bilete

Etter Konfliktrådsloven vert meklaren oppnemnd for 4 år, men med moglegheit for reengasjement. Det er nå behov for ein ny meklar i Time kommune.  Søkarar må ha bustadsadresse i Time kommune.

Dette er ikkje ei stilling, men eit lønna verv. Søkjarar vera over 18 år, og ha plettfri vandel. Det vert lagt vekt på at du er eigna til vervet. Kandidaten  må gjennomgå opplæringsprogrammet til Konfliktrådet. Oppnemning foregår etter grunnopplæring. Etter oppnemning er det forventa deltaking på 2 samlingar/kurs i året.

Meklinga føregår hovudsakeleg lokalt og etter ordinær arbeidstid. Det kan vera aktuelt å mekla i andre kommunar enn den kommunen ein er oppnemnd for.

Godtgjersle etter satsar fastsette av justisdepartementet.

Ver venleg å bruka søknadsskjema frå konfliktrådet si hjemmeside. CV utan vedlegg kan sendast på e-post til anne.lea@konfliktraadet.no

Søknadsfrist: 24.mai 2019.

Spørsmål kan rettast til seniorrådgjevar Anne Lea, tlf 459 71 503/906 80 832 eller på e-post til anne.lea@konfliktraadet.no  hjemmeside: www.konfliktraadet.no  
 

Konfliktrådet er en statlig ordning underlagt justisdepartementet, og regnes som en del av strafferettspleien. Konfliktrådet megler både straffesaker og sivile saker. Administrasjonene i Stavanger og Haugesund dekker Sør-Vest politidistrikt med sine tjenester. Konfliktrådsmeklerne har en lokal forankring.