Klart for trygg oppstart av småskulen

Klikk for stort bileteMåndag 27.april kan me ønska elevane på 1.-4. trinn hjarteleg velkomne tilbake på skulane. Her blir dei møtt av godt førebudd personale som gler seg til å sjå alle igjen.


Information in English

Information in Arabic العربية

- Den nasjonale rettleiinga er god og konkret. Det vert mykje uteskule, og skulane har lagt gode planar. Elevane kjem til å få eit godt tilbod, sjølv om dagane ikkje vert heilt slik som dei er til vanleg, seier Pamela Sudmann, skulesjef i Time.

På skulane vil det vera spesielt fokus på å:

  • vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald
  • vaska utstyr jamleg, til dømes nettbrett
  • vera ekstra mykje ute med elevane, i vanlege skuletimar og på SFO
  • ha undervisning og samlingar i mindre grupper
  • halda god avstand til kvarandre

Rettleiar for smittevern i barneskulen

- Viktig at foreldra følgjer opp
Skulane samarbeider tett med kommuneoverlegane på Jæren i samband med gjenopninga:

- Nylege undersøkingar i Norden viser at barn vert smitta i betydeleg mindre grad enn vaksne. Island har testa eit stort utval av befolkninga, og ingen tilfelle blant barn 0-9 år vart påviste, seier Gerd Signy Solberg Omland, kommuneoverlege i Hå.

- På verdsbasis er det ingen rapporterte tilfelle av smitteutbrot blant barn i barnehagar eller skular, heller ikkje i dei landa som har hatt barnehagar og skular opne. Skulane er gode arenaer for å gi ungane kunnskap og hjelp til å fylgja tilrådinger for hygiene. Det er viktig at foreldra hjelper skulane i å fylgja opp dei gode tiltaka som no føreligg, er meldinga frå kommuneoverlegane.

Godt samarbeid på Jæren
Dei fire kommunane som står på Jærskulen, Time, Klepp, Hå og Gjesdal, samarbeider godt om opninga av skulane. 

- Me gler oss til å ta imot elevane. Skuledagen vil bli noko annleis, men alle som jobbar ved skulane skal følgja med på at elevane har det bra, seier skulesjef i Hå, Trond Egil Sunde.

- Skulane opnar no gradvis. Elevar og tilsette har fått god informasjon, kunnskap og rettleiing om kva omsyn det er viktig å ta for å ha godt smittevern i skulen. Det er trygt å sende borna på skulen og det er trygt for tilsette å gå på jobb, seier Jan Harald Forsmo, skulesjef i Klepp kommune.

- Skuleungane vil bli tekne imot utandørs, og me ber om at foreldre ikkje blir med inn i skulebygget. Born eller føresette som kjenner seg sjuke skal ikkje komma til skulen, seier Hilde Siira, skulesjef i Gjesdal.

Meir informasjon om oppstarten kjem direkte frå kvar enkelt skule.