Kafedialog rundt drifts- og ressurasanalysa innan pleie og omsorg

Klikk for stort bileteSom ein del av forankringa og å få høyra korleis rapporten frå Agenda Kaupang er oppfatta, inviterte kommunalområde omsorg til kafedialog.

Frivillige lag og organisasjonar og politikarar var inviterte til kafedialogen.  I tillegg deltok leiarar i omsorg og tillitsvalde. 

På dei fire kafeborda var det ulike tema
1) administrasjon og økonomi
2) Heimeteneste og Helse og rehabilitering
3) Institusjon
4) Psykisk helse og rusarbeid og Miljøtenesta

Det var tre hovudspørsmål som vart diskutert på dei ulike borda:
* Kva er ditt hovedinntrykk av rapporten (PDF, 3 MB)sin beskrivelse av dei ulike områda?
* Set du spørsmålsteikn med noko av datagrunnlaget?
* Har du forslag til oss som skal arbeida vidare med rapporten?

Leiarane i Omsorg sette pris på dialogen og fekk mange gode innspel til arbeidet vidare. Deltakarane var einige om at det var ønskeleg med ny kafedialog til hausten for å få tilbakemelding på tiltaksplanen som skal lagast for å følgje opp rapporten frå Agenda Kaupang.