Jæren følger dagens nasjonale smitteverntiltak

Klikk for stort bileteTime, Klepp, Hå og Gjesdal har i dag beslutta å gå tilbake til at det er dei nasjonale tiltaka som skal gjelda i dei fire kommunane frå og med tysdag 20. april.

- Det har vore ei god utvikling den siste veka. Me har færre smittetilfelle, og svært få tilfelle der det er ukjent smittekjelde. Dette gjer at me har betre kontroll og oversikt over situasjonen enn me hadde for ei veke sidan. Det er fortsatt viktig at me alle tek smitteverntiltaka på alvor, og på den måten bidrar til at den gode utviklinga held fram, seier fungerande kommuneoverlege i Hå, Anders Madsen på vegne av dei fire kommunane.

Kommuneoverlegane i dei fire kommunane vurderer no at det ikkje er nødvendig med strengare lokale tiltak på Jæren.

Dei viktigaste nasjonale tiltaka er kort oppsummert slik:

  • Hald ein meter avstand
  • Begrens talet på sosiale kontakter
  • Maks fem gjester i heimen, hytta eller hagen din 
  • Skjenking er tillatt saman med matservering fram til kl 22.
  • Alle arrangement som samlar folk på tvers av kommunar bør utsetjast eller avlysast.

Råd om arrangement og sosiale samankomstar (www.helsenorge.no)

Oversikt over nasjonale tiltak (www.regjeringen.no)