Innovativt datasenter med fjernvarme til omgjevnadane

Klikk for stort bilete Time vil byggja innovativt datasenter som forsyner ny bydel med varme

Det nye teknologi- og kompetansensenteret i Bryne kan verta det første i Norge som vert varma opp med energri frå eit lokalt datasenter.  Saman med Jæren Teknologiforum skal Time kommune utgreia mgolegheitene for å byggja eit datasenter som nyttar overskotsvarme frå maskinane til å varma opp bygga rundt. 

Konseptet Spark er utvikla av MIRIS.  Datasentra vert plasserte nærmare brukarane for å møta nye krav om responstid, såkalla Edge Computing, noko som er ein trend i vekst. Sjølvkøyrande køyretøy, maskinintelligens, virual reality og E-sport er nokre eksempel som ikkje vil fungera utan at dataservarane ligg i nærleiken.  Kraftig vekst av tilkobla sensorar, kalla Internet of Things, fungerer også best om ein knytter det til eit datasenter i nærområdet.

Datasenteret Spark er miljørektig og utan ulande vifter som bruker mykje straum.  Løysninga er heilt unik fordi varmen frå dataservarane i tillegg vert nytta til å varma opp vatn som gjev fjernvarme til omgjevnadane i staden for å sleppa varmen rett ut i lufta.

- Bryne er fremovelent, og vi i MIRIS gleder oss til å jobbe med denne gjengen.  Bryne blir vår test-site for piloten av EDGE Computing.  Det betyr at Bryne kommer til å være med fra starten av i utviklingen av denne nye industrien.  Det er spennende, sier Svein H. Olavsen, prosjektdirektør i Spark i MIRIS.

Vil skapa det beste datanettverket i verda.
Medan MIRIS har ansvar for bygging av leveransen, vil NOKIA levera teknologien og drfta av anlegget.  Dei ser på Spark-konseptet som ei global satsing. 

-Nå skal vi først sette opp en pilot for å teste funksjonalitet, bruksmønstre og fordeler.  Det vil også sees på nytten av å koble sammen datasentre i nettverk som ikke er ukjent for oss fra mobilbransjen. EDGE Computng er ganske nytt og piloten vil gi oss mange svar som vi kan bygge videre på for å skape verdens beste datanettverk.  Det er målet, sier Ole Christian Braathen, sr.manager, Strategic Transformation i NOKIA.

Asplan Viak vil stå for sjølve konseptutgreiinga og alt skjer i tett samarbeid med næringslivet lokalt.  Projsktet vert ein viktig milepæl både for Time kommune, regionbygen Bryne og Jæren Teknologiforum. 

- Vi må posisjonere oss med tanke på fremtidens arbeidsplasser.  Time kommune har jobbet aktivt ifht. datasenterbransjen i et par år nå. Et datasenter midt i Bryne vil kunne tiltrekke seg mye næringsliv, flere bedrifter og arbeidsplasser.  Det gir liv til byen og ikke minst inntekter. MIRIS og NOKIA har kommet med noe som er så spennende at dette ønsker vi å være med på, sier Reidar Hebnes, næringssjef i Time kommune.

Fakta om MIRIS:
MIRIS er ein innovativ og teknologidreven eigedomsutviklar med fokus på sektorar i vekst som smarte bygg, datasenter og miljøturisme.  MIRIS har blant anna fått mykje global merksemd for det unike hotellkonseptet Svart som skal byggjast ved foten av Svartisen. Hotellet kan verta det første i verda med den ambisiøse powerhouse-standarden.

Fakta om NOKIA:
NOKIA er ein leiande global teknologileverandør med fokus på å samankobla kommunikasjonsnettverk.

Fakta om JÆREN TEKNOLOGIFORUM AS:
Selskapet har ein attraktiv eigedom sør i Bryne og har planar om å byggja eit teknologisenter på opp mot 10 000 m2.  

Fakta om TIME KOMMUNE:
Bryne er regionbyen på Jæren med ca 19 000 innbyggjarar og 800 bedrifter (med tilsette).  Byutvikling står høgt på agendaen og kommunen har nyleg nyopna Fritz Røed skulpturpark, ny kino med fire salar, planlegg gågate, ny nedgravd parkeringshall under heile byen m.m.  Bryne vart nyleg nomiert som ein av dei 10 mest framtidsretta byane i Norge.