Informasjonsmøte om ny symjehall på Bryne

Time kommune inviterer til informasjonsmøte om ny symjehall på Bryne
Klikk for stort bilete

Time kommune har nå starta arbeidet med å kartlegga detaljerte behov for symjehall i kommunen. I den forbindelse ønsker me å utfordra alle brukargrupper til innspel om ønske og behov.

Me inviterer alle interesserte til ope informasjonsmøte onsdag 6. mars 2019 kl. 18.00
Stad: Bryne ungdomsskule (Hovudinngang).

På møtet vil me informera om:

  • Den vidare prosessen
  • Tidsplan
  • Kva me ønsker innspel på nå
  • Korleis ønsker og behov bør dokumenterast.

Det er nylig varsla om oppstart reguleringsarbeid for plan 0517.00 som skal legga til rette for plassering av ny symjehall. Me vil på møtet også informera om dette reguleringsarbeidet.

Eventuelle spørsmål kan rettast til servicetorget eller post@time.kommune.no merka ny symjehall, eller plan 0517.00.