Informasjonsmøte om mogleglegheiter for kraftkrevande industri/datasenter på Kvernaland

Klikk for stort bileteTime rådhus Synnøve Obrestad Skrettingland Ordføraren har invitert til halvdagssamling / informasjonsmøte den 3. november for kommunestyremedlemmane før behandling av kommuneplanen 2018-2030 sin arealdel fase 2.   

Møtet er for medlemmane i kommunestyret, men innbyggarar som ønsker det kan følga møtet via denne lenka: https://time.kommunetv.no/no/broadcast/128

Program kl. 12.00 - 14.00: 

  • Kort innleiing ved ordførar Andreas Vollsund 
  • Områdeutvikling og eventuell vidare utbygging i planområda v/ leiar NIBIO på Særheim, Arne Sæbø
  • Innspel og tankar frå Time bondelag v/ leiar Tarald Magne Oma 
  • Kva betydning har Kalbergområdet over år hatt for kortreist råstoff i regionen, og kva med framtida for denne verksemda kombinert med kva planar og moglegheitar ser Lyse for seg i samarbeid med utbygginga av Fagrafjell transformatorstasjon innan 2023 v/ konsersjef Eimund Nygård. 
  • Green Montain ser etter moglegheitar for fleire lokalsjonar å utvikla sine datasenter.  Kva gjer Kalberg aktuell for etablering av datasenter v/ adm.direktør Tor Kristian Gyland. 
  • Spørsmål og avklaringar 
  • Status og framdrift i høve planforslaget for arealdelen til kommuneplanen 2018-2030, fase 2 v/ kommunalsjef Bjørn Meling 

Frå kl. 14.00 vil det vera synfaring i planområda for deltakarane.