Informasjon om koronaviruset

Klikk for stort bileteOppdatert 2.6.2020

På denne sida finn du oppdatert informasjon om koronaviruset i Time, og lenker til informasjon frå sentrale myndigheter.

Tiltak, råd og informasjon knytt til koronaviruset endrar seg raskt.

Du finn oppdatert informasjon på nettsidene til Folkehelseinstituttet, Helsenorge og Helsedirektoratet

Information in English

Nytt om koronaviruset i Time

Nyheiter frå Time kommune

Informasjon om koronaviruset i Time

Korona

Kven skal kontakta lege?

Alle med mistanke om Covid-19 blir no testa. Mistanke vil framleis i hovudsak seie feber, hoste eller tung pust. Testinga vert utført på luftveglegevakta på Kleppe. 

Personar med milde symptom bør være heime og sjå an forma i to dagar. Viss symptoma ikkje går over tar du kontakt med fastlege som vil vurdera om du skal testast på luftvegslegevakta. På kveldstid og i helga, ring legevakta på 116 117. Ingen må møta opp utan avtale.

Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du ikkje gå på jobb, skule eller barnehage.

Les meir om testing her

Les meir om luftvegslegevakta på Kleppe her

Har du spørsmål?
Er du frisk og har spørsmål om koronaviruset kan du ringa Helsedirektoratet sin informasjonstelefon på 815 55 015.

Kven skal i karantene og heimeisolering?

Personar som kjem til Norge frå utlandet, skal opphalde seg i karantene i 10 døgn etter innreise til Noreg. Karantene gjeld også for personar som er nærkontakt til ein med påvist koronavirus.

Frå 1. juni er det ikkje lenger krav om karantene ved jobbreiser mellom nordiske land

Frå 15. juni er det ikkje lenger krav om karantene ved ankomst til Noreg frå Danmark

Les meir om karantene og isolering her.

Kor mange er smitta av koronaviruset i Time?

12 personar er smitta av koronaviruset i Time kommune.

MERK:

  • Talet på smitta personar inkluderer også personar som har vore smitta, men som nå kan vera friskmeldt

Sist oppdatert: 4.6.2020

Besøk ved omsorgsbustadar og institusjonar

Frå 29. mai er det ope for besøk ved institusjonar og omsorgsbustadar. Besøk må vera avtalt på førehand, og besøkande må følga gjeldande smittevernreglar.
Les meir her: Opnar for besøk ved helse- og omsorgssinstitusjonar (28.5.20) 

Hjelp med digitale verktøy
Om du er pårørande og ønsker kontakt med den du kjenner på våre institusjonar via digitale kanalar som Skype, FaceTime, Teams eller liknande, kan du ta kontakt med avdelinga. Me har ikkje utstyr tilgjengeleg for dette, men kan hjelpa våre brukarar dersom pårørande leverer for eksempel I-pad som vedkommande kan bruka. 

Av sikkerhetsmessige grunnar kan ikkje kommunen ha slikt utstyr til alle pasientane.​

Stengde tilbod

Fleire av tilboda våre stengde 12. mars, men ein god del av dei har opna opp igjen etter kvart som samfunnet gradvis har opna opp igjen:

  • Time bibliotek og Bryne kino held ope med redusert tilbod
  • Bryne Mølle er opna for øving, men er stengt for publikumsretta aktivitet til over sommaren
  • Garborgheimen og Knudaheio opnar i løpet av sommaren. Opningstider vert annonsert på nettsida til Garborgsenteret
  • Fotland mølle, Fotland kraftstasjon og Time bygdemuseum er stengde til over sommaren
  • Træe på Line held ope sundagar frå juli
  • Bryne symjehall og Sivdammen helsebasseng held stengt for publikumsbading til over sommaren
  • Dei kommunale idrettshallane og gymsalen på Bryne ungdomsskule opnar for trening fram til skuleferien, gitt at aktiviteten kan tilpassast gjeldande smittevernreglar
  • Sivdammen kafe og velferdssenter er stengt inntil vidare
  • Svendsenhuset er stengt inntil vidare
  • Frisklivssentralen er stengt inntil vidare

 

 

 

Redusert drift ved helsestasjonane

Drifta ved helsestasjonane i Time er noko redusert. Oppdatert informasjon om dette på nettsidene til helsestasjonane.

Familiesenteret tilbyr kontakt via telefon.

Bidra som frivillig eller motta hjelp frå frivillige

Dei som kan hjelpa: Ta kontakt med Bryne Røde Kors på bryne@rodekors.org og meld om namn, så vil du få tilsendt registreringsskjema.

Dei som treng hjelp: Ta kontakt med Time frivilligsentral på tlf 904 77 858 (Telefontid: 09.00 – 18.00) eller e-post frivilligsentralen@time.kommune.no

Du kan få hjelp til mellom anna handling av matvarer, eller få nokon til å ringa deg om du treng nokon å snakka med.

 

Time kommune og Bryne Røde Kors samarbeider om organisering av dette i vår kommune.

Generelle råd og informasjon om koronaviruset

Vanar som førebygger smitte
  • Papirlommetørkle framfor munn og nase skjermar andre når du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etterpå. Vask så hendene
  • Bruk olbogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle for handa
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk
  • Handdesinfeksjon med middel som inneheld alkohol er eit godt alternativ når du ikkje får vaska hendene, for eksempel på reise

 

Nyttige lenker

Fylkesmannen si side med spørsmål og svar om korona
E-postadresse til Fylkesmannen for spørsmål om korona: 
koronarogaland@fylkesmannen.no

 

Lær meir om koronaviruset

Mange barn og unge har spørsmål om koronaviruset.  Helsedirektoratet har laga ein film som er sendt ut til alle skulane i landet. Me oppfordrar også vaksne til å sjå filmen. Saman med barna kan me læra om viruset, og korleis me skal hindra at koronasmitten spreier seg.

 

For næringslivet

Informasjon og nyttige lenker

Koronapandemien har ført mange bedrifter i vår region inn i ein heilt ny situasjon. Nasjonale myndigheiter og mange aktørar i regionen og i Noreg jobbar iherdig med ulike tiltak.

Det pågår mykje koordinerande arbeid mellom kommunane for å bidra til sikra bedrifter, arbeidsplassar og fortsatt verdiskaping. 

Oppdatering 20.04.2020

  • Dersom ditt foretak er økonomisk hardt ramma av virusutbrotet kan du nå søka tilskot frå Kompensasjonsordninga for næringslivet
  • For å forhindra unødvendige konkursar, la regjeringa 15. april fram forslag til enklare gjeldsforhandlingar (rekonstruksjon). Målet er å gje utsette bedrifter fleire verkemiddel og meir spelerom i forhandlingar med kreditorar. Det vert rekna med at lovforslaget vert behandla i Stortinget så snart som råd.

Time kommune viser til vedlagte lenker for mer informasjon for bedrifter om Covid-19 situasjonen. Sidene vert løpande oppdatert:

Generelt oppfordrar me din bedrift å ha god kontakt med dine støttespelarar i den pågåande situasjonen:
bankforbindelse, rekneskapskontor, advokat, og liknande. Hald god og open dialog med kundar og leverandørar.

Kontaktinformasjon

Vil du koma i kontakt Time kommune kan du ta kontakt med næringssjef Reidar Hebnes, så hjelper me deg så langt det let seg gjera.

Reidar Hebnes
Næringssjef
Mobil: 97587654
E-post: reidar.hebnes@time.kommune.no

Informasjon for tilsette i Time kommune

Informasjon for tilsette i Time kommune