Influensavaksine

Klikk for stort bileteInfluensavaksinen er no klar. Me anbefaler både personar i risikogruppa og helsepersonell å ta denne.

Influensa kan mellom anna føra til lungebetennelse, hjerneslag og forverring av kroniske grunnsjukdommar. Om lag 1,6 millionar mennerske i Norge tilhøyrer grupper med auka risiko for komplikasjonar ved influensa, og i tillegg er det også viktig at helsepersonell tar vaksinen:

- For personar i risikogruppa er det viktig å ta vaksinen for sin eigen del, medan helsepersonell bør ta denne for å ikkje smitta pasientar som er i risikogruppa, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

I tillegg vert det anbefalt at svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser, tar vaksinen. Det same gjeld personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar. Andre som ønsker å ta vaksinen, må venta til etter 1. desember.

Ta kontakt med fastlege for å bestilla tid for vaksinering. Helsepersonell tilsett i Time kommune får tilbod om vaksinering på arbeidsplassen.

Kva er risikogruppene?

Følgande personar har økt risiko for alvorleg sjukdom ved influensasjukdom:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal og få tilbod om vaksine
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjerte-/karsykdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
    • nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege