Ikkje ta på sjuke eller daude fuglar

Morten Helberg Mattilsynet har informert kommunane om at det er påvist fugleinfluensa på mange fuglar i den seinare tid. Daude fuglar med denne sjukdommen har drive i land på strender lands kysten i Sør-Rogaland. Desse fuglane har drive over frå England.

Sjukdommen smitter svært sjeldan til menneskjer, det skjer kun ved svært nær kontakt med sjuke eller daude fuglar. Om du oppdagar daude eller sjuke fuglar skal du derfor ikkje oppsøke den, men varsle mattilsynet slik at dei kan ta prøver.

Mattilsynet ønskjer å bli varsla på telefon 22 40 00 00 eller på e-post til postmottak@mattilsynet.no om du oppdagar sjuke eller daude fuglar av desse artane.

  • Andefuglar (ender, gjess og svaner)
  • Havsuler
  • Måkefuglar
  • Vadarar 
  • Rovfuglar (spesielt ørn og musevåk)
  • Åtseletarar (kråkefuglar) 

Både Mattilsynet og FHI følgjer situasjonen tett. 

Mating av fuglar

Vidare ber Mattilsynet om at ein nå ikkje mater ville fuglar i parker og ved innsjøer. Dette fører til at fuglane samlast på små områder og lettere sprer smitte seg imellom. Unntaket er ved faste plasser der fuglane er vane med at mating foregår, der kan ein fortsatt mate fuglar da dei allikevel samles slike plasser.

Portforbud 

For å hindre vidare spredning av smitte til fjørfe og andre fuglar i fangenskap, innfører Mattilsynet portforbud og andre tiltak i 17 kommuner i Rogaland, der i bland Time kommune. Alle som driv med høner/andre fuglar skal registrere seg. Dette kravet gjeld no heile tida, uavhengig av fugleinfluensa.