Husk å søkja om barnehageplass og senda påmelding til SFO

Klikk for stort bilete

 

Fredag 1.mars er søknadsfristen for å bli med i årets hovudopptak til barnehagane og for påmelding til SFO.

Søknad om barnehageplass

 

  • Rett til barnehageplass
    • For å ha rett til barnehageplass må barnet bu i Time kommune ved oppstart i barnehagen, vera fødd før 01.12.2018 og ha levert søknad innan søknadsfristen.
  • Bytte av barnehage eller endring av opphaldstid
    • Alle som har barnehageplass og som ønskjer å bytta barnehage, må søkja på nytt.
    • Dei som får godkjent bytte av barnehage mistar automatisk plassen dei har frå før.
    • Ønskjer du å endra talet på dagar i barnehage frå august 2019 må dette óg gjerast elektronisk innan 1. mars 2019.

 

Påmelding til SFO

 

  • Endring av opphaldstid eller oppseiing av plass i SFO
    • Ønskjer du å endra talet på dagar eller seia opp SFO plassen frå august 2019 må dette gjerast elektronisk innan 1.juni 2019.