Hjelp til med å nedkjempa landøyda

Landøyda kan i verste fall vera dødelig for menneske og dyr og bør fjernast.

Landøyda er ei giftig plante som spreiar seg rundt i fylket. Den blømer no på denne tida, og ei plante kan ha opp til 2000 frø. Frøa frå landøyda er spirevillige på jordoverflata, og kan ligge spiredyktige i jorda lengre enn 10 år. Planta blømer i juli-september. Første år set den ein bladrosett, medan frøstenglane kjem år to.

Bilete av planten landøyda - Klikk for stort bileteSlik ser landøyda ut

Leverskade og død

Kvart år brukar gardbrukarane mange dagsverk på å halde planta vekke frå beite. Men likevel spreiar den seg langs vegar og andre udyrka områder, også i bebygde områder. Dersom dyra får den i seg, kan den gje leverskader og død.

Kast i restavfallet

Me oppfordrar difor publikum til å vera merksamme på planta og å fjerne den frå sin eigedom og andre nærområder. På denne tida hjelper ikkje kjemisk bekjemping (sprøyting). Nå må planta dras opp og leggast i restavfall for å bli kvitt frøa. Bruk gjerne hanskar. 

Bilete av planten landøyda - Klikk for stort bilete