Her kan du henta gratis hurtigtestar

Om du har sår hals, snue, feber eller har vore i nærkontakt med ein koronasmitta må du testa deg.  Du kan framleis bestilla test ved teststasjonen på Klepp, eller du kan ta ein hurtigtest sjølv.

Me har god kapasitet ved teststasjonen på Kleppe, og tilrår framleis å ta test her. I tillegg gjer me testinga ennå enklare for deg. Du kan nå henta gratis hurtigtest desse stadane:

  • Time rådhus (man-fre kl. 09.00 - 15.00)
  • Teststasjonen ved Klepp legevakt 09.00-11.00 og 12.30-14.30 alle dagar.
  • Utlevering ved butikkar og bensinsstasjonar er inntil vidare stoppa.

Viktig informasjon om hurtigtest:

  • Send ein annan person for å henta testen om du har symptom.
  • Du bør vera heima til du får negativt testsvar og kjenner klar betring.
  • Vert du ikkje betre etter hurtigtest bør testen gjentas og då gjerne på Kleppe.
  • Om testen er positiv må du isolera deg frå andre og bestilla vanleg test på c19.no.