Heimevernet øver i Time i perioden 29. mai til 3. juni 

I perioden sundag 29.- til fredag 3. juni vil Agder og Rogaland Heimevernsdistrikt 08 gjennomføra ei militærøving i store delar av Rogaland, mellom anna i Time kommune. Om lag 700 soldatar skal delta.

Bilde av soldat frå Heimevernet som har øving. - Klikk for stort bileteHeimevernet skal ha øvelse i mellom anna Time kommune Forsvaret

Øvinga er planlagd i lang tid og har ingenting med sikkerheitssituasjonen i Europa å gjera. I nordområda er det ingen aktivitet som avvik frå det normale og trusselvurderinga for Noreg er ikkje endra, opplyser Forsvaret i ei pressemelding.  

– Øvinga fokuserer på krisehandtering, der det innleiingsvis er politiet som er ansvarleg for handteringa og forsvaret si avdeling bistår. Me vil vera synlege i regionen og bybildet under feltdelen av øvinga, fortel sjef operasjonar for Agder og Rogaland Heimevernsdistrikt 08, major Hans Borgfjord.  

700 soldatar

Om lag 700 soldatar skal delta og øva på å sikra samfunnsviktig infrastruktur i ein tenkt krisesituasjon. Hensikta med øvinga er todelt. Heimevernet skal trena og på sine oppdrag, og distriktet skal betra beredskapen og samarbeidet med andre etatar ved ei skarp hending.  

– Folk flest kan møta væpna patruljar under øvinga. Det er viktig at me trenar i bymiljø, for det er der me skal beskytta befolkninga, fortel Borgfjord.  

16 kommunar

Øvinga vil gå føre seg I kommunane Sandnes, Sola, Stavanger, Randaberg, Kvitsøy, Strand, Vindafjord, Tysvær, Bokn, Karmøy, Utsira, Haugesund, Gjesdal, Klepp, Hå og Time. 

– Ei av HV-08 sine oppgåver er å forsvara befolkninga i regionen ved krise eller krig. Derfor er det viktig at me trener på det. Det er òg viktig at befolkninga i Rogaland veit kva Heimevernet er og kva me gjer. Me ynskjer ikkje at folk skal bli redde når det ser ein soldat, men kanskje heller koma bort og snakka med oss, seier Bergfjord.  

Heimevernet sine overordna oppgåver: 

• Nasjonal krisehandtering  

• Ta vare på det lokale territoriale ansvaret på vegne av Forsvaret 

• Vakthald og sikring av viktige militære og sivile objekt 

• Støtte til det sivile samfunn; herunder bistand til politiet 

Du kan lesa meir om Heimevernet på Forsvaret si nettside.