Heimeundervisning ved fleire ungdomsskular

Klikk for stort bileteTysdag 16. mars fekk elevar ved fleire ungdomsskular i Klepp og Time melding om å testa seg dersom dei hadde vore til stades på ein fest med ungdommar frå fleire kommunar ved Frøylandsvatnet i helga. Smittesporing viser nå at ein person som seinare same helg fekk påvist korona har vore på festen. Det er snakk om ein mutert variant.

Som følgje av dette vart fleire skuleklassar i Klepp sett i ventekarantene frå og med onsdag 17. april, og i løpet av dagen er det også bekrefta at ungdommar frå Time var involvert:

- Utover dagen i dag har me fått informasjon om at elevar ved fleire av ungdomsskulane i Time også har vore på den aktuelle festen. Desse vert vurdert som nærkontaktar til den smitta, og er derfor satt i karantene i dag. I tråd med Folkehelseinstituttet sine anbefalingar er også husstandmedlemmer til nærkontakane sett i ventekarantene fram til dei aktuelle ungdommane har fått svar på sin første test, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

Som eit forebyggande tiltak vil fleire klassar/trinn ved ungdomsskulane på Bryne, Frøyland og Lye ha heimeundervisning torsdag og fredag. Elevar i desse klassane vert også oppmoda av kommuneoverlegen om å ikkje delta på fritidsaktivitetar, eller andre møtestadar til og med fredag.