Me minner om desse «heim-til-jul-reglane» som er gjeldande per 10.12.2020:
-
Er du sjuk, i karantene eller isolasjon skal du ikkje reisa.
-
Skal du heim frå utlandet?
Alle som kjem til Norge frå utlandet skal i hovudsak i karantene i 10 døgn etter ankomst frå eit land eller område som er rødt. Viss du kjem frå gule land/område i EØS/Schengen, har du ikkje karanteneplikt. Sjå kva for nokre land og område det gjeld på fhi.no. Du har heller ikkje karanteneplikt viss du har gjennomgått Covid-19 i løpet av dei siste seks månedane, og kan dokumentera dette.
-
Kor skal innreisekarantenen gjennomførast?
Viss du er busett (registrert i folkeregisteret) eller eig bustad i Norge, kan du gjennomføra karantenen heime eller på ein eigna opphaldsstad. Dersom du ikkje er busett eller eig bustad i Norge, skal du gjennomføra karantenen på karantenehotell.
-
Utanlandsstudentar treng ikkje å bu på karantenehotell.
- Utanlandsstudentar, som før studia var busett i Norge, vil ofte fortsatt vera folkeregistret i Norge i studietida. Dei blir rekna for å vera busette i Norge og kan vera i karantene på ein eigna stad, for eksempel heime hjå foreldra. Dei treng ikkje bu på karantenehotell.
- Norske studenter som studerer i eit anna nordisk land, kan og vera i karantene hjå for eksempel foreldra sine, sjølv om dei har registrert flytting frå Norge. Heller ikkje desse treng å bu på karantenehotell.
-
Studentar må sjølvsagt følga dei generelle karantenereglane dei første ti dagane dei er i Norge.
Det tyder at du må unngå nærkontakt med familiemedlem og andre som du ikkje bur med til dagleg. Folkehelseinstituttet har meir informasjon.
-
Du kan testa deg på flyplassen
Viss du kjem til Stavanger lufthavn Sola frå utlandet, kan du testa deg gratis. Følg skilta frå ankomsthallen.
-
Skal du heim frå ein annan by eller stad i Norge?
Det er ikkje karanteneplikt på reiser i Norge, men kommunen oppmodar personar som kjem heim til Jæren frå Oslo, Bergen eller andre byar eller område med høge smittetal, om å vera spesielt forsiktig dei første ti dagane.
- hald minst to meter avstand til personar i risikogruppa
- følg råd om avstand og tal på nærkontaktar
- hugs god handhygiene
- ver merksam på eventuelle symptom
- ha låg terskel for testing
-
Viss du reiser heim med bil, er det lite smitterisiko.
Reiser du med fly eller kollektivtransport, må du følga dei smittevernreglane som gjeld.
-
Treffa familie og vener?
Det nasjonale rådet som gjeld nå er at du ikkje bør ha fleire enn fem gjester, i tillegg til dei du bur med i private heimar. Det er viktig at du avgrenser kor mange du treff på ulike arenaer i tida før du reiser, og også medan du er heime. På regjeringens nettsider finner du julerådene.
-
Hald deg oppdatert.
Reglane endrar seg ofte. Følg med på nettsidene til helsenorge eller på Time kommune sine korona-sider
Me ønsker deg ei god og trygg reise heimover.
Ta vare på kvarandre og ta hensyn.
God jul!