Heider til nye fagarbeidarar

Torsdag kveld var det samla fleire hundre stolte nye fagarbeidarar i Stavanger Forum til høgtideleg utdeling av fagbrev.

Blant dei 3106 nye fagarbeidarane i Rogaland i 2018,  er det mange som har hatt læretida i Time kommune. Lærlingekoordinator i Time kommune Katrine Aure var saman med fagansvarleg for helsearbeidarfaget, Gry Kirsti Sirevåg Høyland og fagansvarleg for barne- og ungdomsarbeidarfaget Siri Kverneland,  tilstades ved utdelinga. Av dei mange som tok fagbrev i Time kommune i 2018,  møtte dei 4 stolte fagarbeidarar som har hatt læretida i Time kommune. Det var Hilda Løland og Birgitte Vigre med fagbrev i  helsearbeidarfaget og Tonje Wefring Fosse og Maren Løyning Vigrestad med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Dei vart heidra av fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal som gratulerte dei og ønska dei velkomen til å bidra til fellesskapet.