Hærverk på byggegjerde ved Vardheia ungdomsskule

Klikk for stort bileteDet er for tida djupe grøfter på byggeplassen.  Meld frå dersom du ser nokon som driv hærverk eller at byggegjerdet er herja med.

Sidan arbeidet med bygging av Vardheia ungdomsskule starta i byrjinga av september har det vore fleire tilfelle av hærverk på byggegjerdet. Den siste gongen var sist helg.

Me oppfordrar dei som gjer dette om å la ver, og ber bebuarane og dei som ferdast i området om å vera spesielt merksame.

Dersom de ser nokon som driv hærverk eller at byggegjerdet er herja med, ta kontakt med Stangeland Maskin ved Henrik Tunheim på telefon 992 07 453.

Time kommune og leverandørane set sikkerheit i høgsete. Det er ein betydeleg risiko å gå inn på byggeplassen utan godkjent sikkerheitsutstyr og nødvendig registrering. For tida er det djupe grøfter, og ein kan sjølv tenka kva som kan skje dersom born eller andre kjem inn på byggeplassen. At byggegjerde vert rive ned bekymrar derfor både Time kommune som tiltakshavar, Jærentreprenør som totalentreprenør og Stangeland Maskin som graveentreprenør.