Har du lyst å verta treningskontakt?

Er du interessert i fysisk aktivitet, friluftsliv og arbeid med menneske? Då kan du bidra i arbeidet med regelmessig fysisk aktivitet for menneske med psykiske lidingar og/eller rusmiddelutfordringar.
 

Klikk for stort bilete Anita M. Stokdal  

Alle treningskontaktar må delta på kurs før dei kan starta i oppdrag. Kursdatoar (2 obligatoriske helger) er 25-26. januar og 8.-9. februar 2020. Målet med kurset er å utdanna treningskontaktar som saman med brukaren kan skapa ei positiv oppleving rundt fysisk aktivitet, og å kunna planlegga aktivitetar og turar ut frå den enkelte brukaren sitt behov og forutsetningar. Deltakarane må vera busett i Klepp, Time, Gjesdal eller Hå.
Søknadsfrist:  18.desember 2019.

Kan dette vera noko for deg? Send ein e-post til kontaktpersonen i den kommunen du bur i og oppgi namn, adresse, telefon, fødselsdato og kort om kvifor du ønsker å verta treningskontakt så vil me kontakta for å avtala intervju.
 

Time:              Aina Winther // 414 25 885 // aina.winther@time.kommune.no
Hå:                  Rita Urstad Hauge // 415 32 790 // ritaurstad.hauge@ha.kommune.no  
Gjesdal:          Dagfinn Hersdal // 908 49 722 // dagfinn.hersdal@gjesdal.kommune.no
Klepp:            Stine M.P.Tellenes // 904 74 975 // stine.m.p.tellenes@klepp.kommune.no
                      Oddbjørg Heskje // 488 65 590 // oddbjorg.heskje@klepp.kommune.no