Gratulerer med dagen!

Klikk for stort bileteOrdførar Reinert Kverneland  Ordførar Reinert Kverneland sin tale for nasjonaldagen 17. mai 2020.

Kjære alle saman.

Gratulerer så mykje med grunnlovsdagen – Noreg sin bursdag og nasjonaldag. I år er 17. mai ekstra spesiell. For første gong sidan krigen er det restriksjonar på feiringane, og dei toga me er så vane med å gå i og stå å sjå på er avlyste.

Men la ein ting er heilt klart: 17. mai er ikkje avlyst! Dagen der me skal feira landet vårt betyr like mykje i år, ja kanskje ennå meir. For eg meiner me har ekstra mykje å feira nettopp i år.

Me har lagt bak oss nokre veker med dei mest restriktive tiltaka for vår fridom som nordmenn har opplevd sidan 2. verdskrig. Koronapandemien har kravd mykje av oss alle. Me har ikkje fått besøka dei me er glade i. Me har ikkje fått gå på skule og i barnehage. Me har levd i usikre tider for jobben vår og for helsa vår.

Kvifor har me gjort dette? Det er av mange blitt kalla ein nasjonal dugnad. Eg likar det omgrepet. Det handlar om å gjera noko på vegne av fellesskapet, frivillig og utan løn. Og det er noko me er gode på her på Jæren. I mange europesiske land har tiltaka vore meir restriktive og vorte strengare handheva av både politi og militære. I Storbritannia fekk ein vera ute av huset sitt ein time totalt i løpet av dagen. I Spania har det vore portforbod i fleire veker. Her i Noreg har òg myndigheitene kome med restriktive tiltak, men mykje formulert som råd og oppmodingar til befolkninga.

Etter mi meining seier det mykje om Noreg. Folk stiller lojalt opp. Kanskje er dei ikkje sjølv i noko risikogruppe. Kanskje kjenner dei heller ikkje nokon som er det. Men likevel er det mi oppfatning at folk har følgt råda, fordi andre i landet trengte det. Fordi fellesskapet vårt trengte det.

Dette har vore ei vanskeleg tid på mange måtar, men eg meiner òg Noreg har vist seg frå ei av si beste sider. Når det verkeleg gjeld står me saman, me hjelper kvarandre og me tek vare på kvarandre. Eg kjenner meg glad og stolt over å få bu i dette landet, og det er verkeleg noko å feira nettopp i dag.

17. mai er som me veit dagen då me fekk Grunnlova vår i 1814. Det er faktisk verdas nest eldste grunnlov som fortsatt er i bruk, berre den amerikanske er eldre. Lova var på starten av 1800-talet ganske så radikal. Folk skulle sjølv styra landet gjennom folkevalde representantar. Innbyggjarane skulle ha rettssikkerheit, trusfridom og ytringsfridom. Rettigheitar og fridommar som me tar for gitt i dag. Kong Harald forklarte dette godt i sin nyttårstale i 2013:

Tenk deg at du skriver et kritisk innlegg om landets styre på sosiale medier. Se så for deg at det litt senere banker på døren. Der står politiet, som kommer for å arrestere deg.
Grunnen til at dette ikke skjer i Norge, er at Grunnloven gir oss ytringsfrihet. I Norge kan alle fritt få uttrykke sine meninger – enten det er om konge eller myndigheter.

Vi kan så se for oss at vi er på vei til kirken – eller til et annet forsamlingssted der mennesker søker sammen med trosfeller. Veien dit er fylt av redsel, for det ikke er lov til å samles.
I denne frykten lever mennesker over store deler av verden. I Norge gir Grunnloven oss alle frihet til å praktisere vår egen tro.

Til sist kan vi tenke oss at det en dag kommer store maskiner for å rive ned hjemmet vårt. Myndighetene har bare bestemt det. De tar seg til rette uten varsel – og uten å erstatte tapet.
Når dette ikke skjer i Norge i dag, er det fordi Grunnloven beskytter oss mot denne typen maktmisbruk.

Dette er bare noen få av de 112 paragrafene som danner vårt lands fundament.

Derfor er det gode grunnar for å feire 17. mai. Dagen har blitt feira heilt sidan 1830-talet, og Grunnlova har stått sterkt i Norge gjennom ulike tider – både gode og dårlege. Når Noreg nokre veker etter at Grunnlova var skriven i 1814 måtte gå inn i union med Sverige, var det eit krav om at Grunnlova skulle vidareførast. Og då regjeringa la fram forslag til koronaloven i år, var Grunnlova den einaste lova som ikkje kunne midlertidig fråvikast.

Då krigen braut ut i Noreg 9.april 1940 tok kong Haakon med seg ein kopi av Grunnlova som han skal ha bore med seg gjennom heile krigen. Han hadde avlagt truskap til Grunnlova i 1905 då han blei valt til konge, og hadde lova å regjera landet i tråd med den. Når han så blei bedt om å overgi Noreg til tyskarane, gav han beskjed om at det ville bryta med den truskap han hadde gitt til nettopp Grunnlova, og at han heller ville abdisera enn å gjera det. Dette er kjent som Kongens nei og var eit tydeleg signal til både tyskarane og det norsk folk om at Grunnlova ikkje var noko ein kunne setja til side.

17. mai er i dag ein festdag som eg forbind med song, latter, is og mykje godt folk. Det er kanskje lagt nokre avgrensingar på det med mykje folk, men det er ingen restriksjonar på korkje song, is eller latter. Snarare tvert i mot. Noko av det fantastiske med vår nasjonaldag er at barna står i sentrum gjennom barnetog, leikar og talar. La dei stå i sentrum i dag òg. Sjølv om dei ikkje kan gå i tog med mange andre, kan dei kanskje gå rundt huset eller i gata. Ein kan halde eigne potetløp og leikar. Ein kan nyta festdagen saman.

Og til slutt til alle barn: Dersom foreldra dykkar seier det er nok is nå, så kan du seia at ordføraren har sagt du bør få ein til. For i dag er det fest!

Gratulerer med dagen til alle saman, og hurra for 17. mai!