Godt resultat for Time kommune i eit pandemiår

Time kommune har som alle andre kommunar, hatt eit spesielt år.

Klikk for stort bilete 

Pandemien slo inn over landet i mars og sidan har kommunen operert i ein slags unntakstilstand, men samtidig hatt fokus på kostnadsreduserande tiltak. Kommunale tilbod har vore stengt ned, deretter opna, for så å stenge ned og saman med nabokommunane er det oppretta eigen luftvegslegevakt.

Arbeidsløysa i kommunen var i mars oppe i 8,9 %. Arbeidsmarknaden betra seg gradvis ut over året ved utgangen av året var 2,5 % av arbeidsstyrken heilt ledige.

Det var lenge usikkert korleis staten ville kompensera kommunane og kva kommunane sine kostnader med pandemien ville verta. 
- «I denne situasjonen har dei tilsette vist lojalitet og godt samarbeid på tvers av avdelingar og dei har stått på for å levera ei best mogleg teneste innanfor dei til ei kvar tid gjeldane smittevernreglane» seier kommunedirektør Trygve Apeland. «Leiarane og alle tilsette har vist stor flekibilitet og stor omstillingsdyktigheit i den situasjonen som har vore. Samtidig som gode tenester er leverte, er dette gjort på rasjonell og effektiv måte», held kommunedirektøren fram.

Pandemien har for Time kommune kosta 45 millionar kroner i 2020. Dette gjeld både auka kostnader og reduserte inntekter. Av reduserte inntekter er dei største endringane nedgang i skatteinngangen på 18 millionar kroner, netto inntektstap på kinoen på om lag 6 millionar kroner og redusert foreldrebeting i SFO og barnehage på 5,8 millionar kroner.

Desse meirkostnadene/mindreinntektene er langt på veg dekka med auka statstilskot, redusert arbeidsgjevaravgift og innsparing på lønnsreserven på grunn av lågt lønnsoppgjer.

Eit lågt lønnsoppgjer har også ført til innsparingar på pensjonskostnadene og lågt rentenivå har gitt innsparingar på netto rentekostnad. Kommunen forventar eit netto driftsresultat på om lag 25 millionar for 2020. Dette utgjer 1,7 % av driftsinntektene.

I 2020 investerte kommunen for 260 millionar kroner der Vardheia ungdomsskule, som er eit fellesprosjekt for Klepp og Time,  er den største investeringa. For å finansiera investeringane måtte kommunen låna 112,7 millionar kroner.