Går tilbake til normale skjenketider

Klikk for stort bileteTime opnar for skjenking til klokka 01.30 frå og med midnatt 15. juli.

- Smittetrykket på Jæren er lågare enn det var for nokre veker sidan. Me har derfor valgt å oppheva forskrifta om skjenkestopp klokka 24.00, seier ordførar Andreas Vollsund. 

Det er dermed ingen lokale koronaforskrifter i Time, og det er regler og anbefalingar på nasjonalt nivå som gjeld i kommunen.