Gå til skulen

Dei neste vekene har grunnskulane i Time «Gå til skulen»-aksjon.  

Aksjonen vert markert på ulike måtar ved skulane, og målet er at flest mogleg av elevane skal gå til skulen. Samtidig vil elevane få opplæring i viktige prinsipp for å ferdast trygt i trafikken, mellom anna bruk av refleks.  

-Barn bør vera aktive i leik eller annan aktivitet minst 60 minutt kvar dag. «Gå til skulen»-aksjonen skal stimulera elevane til dagleg fysisk aktivitet. Barn som går til skulen, får brukt energi, dei er sosiale saman med vennar og dei kan oppdaga spennande ting på vegen, seier Anne Reidun Garpestad, koordinator for aksjonen i Time kommune.   

Dropsone  
Ein annan fordel med at mange elevar går til skulen er at dette reduserer biltrafikken i området rundt skulen. Ved nokre av skulane er det etablert dropsone eit stykke frå skulen der foreldre som køyrer borna sine til skulen trygt kan sleppa dei av, og la dei gå det siste stykket til skulen. Ein av skulane som har fått ein slik dropsone er Bryne skule, og rektor Heidi Barvik fortel at dei vil ha fokus på både dropsona og viktigheita av å gå til skulen:  

- FAU og elevrådet skal ha ein liten aksjon neste måndag for å sette fokus på uønska trafikk i nærmiljøet på morgonen i tida rundt skulestart. Målet er å auka oppslutning og bruk av dropsona, og på same tid sette fokus på viktigheita av å gå til skulen, seier ho.  

Trafikksikker kommune  
Ved alle skulane som deltek i aksjonen får elevrådet 4000 kr frå kommunen som dei kan disponera til tiltak som stimulerer til fysisk aktivitet. Eksempel på dette kan vera utstyr, turar eller tiltak i «Trivselsleder-programmet».  

«Gå til skulen»-aksjonen er ein del av Time kommune sitt arbeid med trafikksikkerheit. Time vart i 2016 godkjent som Trafikksikker kommune, ei godkjenningsordning i regi av Trygg Trafikk. Det betyr at kommunen arbeidar systematisk og tverrfagleg med trafikktryggleik. Kommunen vart re-godkjent i 2019 for fire nye år.