Fugleinfluensa påvist i Klepp

Det er påvist høypatogen fuglinfluensa i ein rugeeggbesetning i Klepp. Risiko for smitte til befolkninga blir vurdert som svært låg, og det er trygt å eta egg og fjørfekjøtt.

Fredag 21.10 kom det ei melding frå Mattilsynet om at det er påvist fugleinfluensa i ei fjørfebesetning i Klepp. 7000 høner vart avliva torsdag då det var mistanke om fugleinfluensa, noko prøvane bekrefta.

Det er innført vernesone (3 km) og overvakingssone (10 km) rundt anlegget der smitten er påvist. Deler av overvakingssona er i Time kommune.

I desse sonene er all transport av fuglar, rugeegg, konsumegg, fjørfekjøtt og andre produkt som kan bidra til å spreia smitta, forbode. I tillegg blir det innført jaktforbod i området.

Her kan du sjå kartet der vernesone og overvakingssone er avmerka

Det blir òg innført påbod om å halda alle tamme fuglar innandørs eller i ein innhegning med tett tak og nettingvegger viss dei er ute. Dette gjeld enten du har tre høner i hagen eller dersom du driv kommersielt fjørfehold.

Alle desse tiltaka er innførte for å førebygga vidare smitta. Andre smitteforebyggende tiltak kan bli innført på kort varsel.

Fjørfebønder og andre som har dyrehold med fuglar må straks ta kontakt med Mattilsynet dersom dei får mistanke om at fuglane er smitta med fuglinfluensa eller Newcastlesyke.

Risiko for smitta til befolkninga blir vurdert som svært låg, og det er trygt å eta egg og fjørfekjøtt.

Meir infomasjon om situasjonen finn du på Mattilsynet sine nettsider:

Fugleinfluensa og Newcastlesjuke i Rogaland