Første koronavaksine i Time

Klikk for stort bileteSykepleiar Astrid Malmei gjer Ingleif Møller den første koronavaksinen i Time. Evy Håland  I dag vart dei første vaksinane i Time satt på Bryneheimen og Sivdamheimen.

I første omgang har me fått 50 dosar, og det er bebuarar på sjukeheimane våre som vert prioritert. Førstemann ut var Ingleif Møller, bebuar ved Sivdamheimen. Han fekk vaksina av sykepleier Astrid Malmei:

- Det var kjekt å få vaksina som den første i Time. Eg håpar at vaksinen vil hjelpa slik at samfunnet slepp så strenge smittevernsreglar. For min eigen del har eg ikkje merka så mykje til pandemien utanom at helsepersonell er strengare med avstand, og at dei nå brukar munnbind. Det blir bra når me kan sjå heile ansiktet til dei som jobbar her, og ikkje bare auga, seier han.

Kommueoverlegen er også glad for at vaksineringa er i gang:

- Det er godt at me nå er i gang med vaksineringa. Me følger anbefalingane frå Folkehelseinstituttet og dei eldste personane ved sjukeheimane våre er prioriterte, seier kommuneoverlege i Time Øystein Øgaard.

Han seier vidare at kommunen får ei avgrensa mengd vaksinedosar dei neste vekene. Etter at bebuarar/pasientar ved sjukeheimane har fått vaksinen, vil den bli gitt puljevis nedover i alder for alle over 65 år og pasientar i risikogruppene.

Han understrekar at det ikkje er nødvendig å ta kontakt med kommunen eller legekontor for å få vaksinen:

- Me tek kontakt med deg når det er din tur. Det er dermed ikkje nødvendig å ringa kommunen, legekontoret eller legevakta for å sikra seg plass. 

Meir informasjon om koronavaksinering i Time