Forbrukerrådet sin kommunetest

Klikk for stort bilete Forbrukerrådet har dei siste månadane testa korleis kommunane i Norge informerer om ulike tenester og tilbod. Testen viser at mykje er bra i Time.

Forbrukerrådet har testa kommunane sine nettsider, ringt til sentralbord, og sendt e-post med ulike spørsmål. På bakgrunn av kvalitet på svar, responstid og kor enkelt det er å finna informasjon på nettsida har dei rangert alle kommunane i landet. Resultata frå denne testen viser at Time kom på 88. plass av alle dei 422 kommunane i landet. Dette er eit par plasseringar opp frå den tilsvarande testen som vart gjennomført i 2016 då Time vart nr 91. Blant kommunane i Rogaland er Time nr 8.

Forbrukerrådet sin test viser at Time informerer bra om mellom anna byggesak, barnehage, psykisk helse og kommunale avgifter. Rådmann Trygve Apeland er nøgd med at Time skorar relativt bra på testen, og ønsker samtidig at kommunen skal arbeida aktivt for å forbetra seg:

- Me set pris på at Forbrukerrådet gjennomfører slike testar. Dette gjer oss ein god peikepinn på kva me lykkast med, og kva me kan verta betre på. Eg er glad for at Time har gjort det stadig betre på desse testane dei siste åra, det viser at me er på rett veg. Samtidig ser me at det er område der me har eit forbetringspotensial.

Han trekker fram informasjon om brukarundersøkingar som noko av det kommunen kan verta betre på:

- Det er viktig for oss å setta brukarane våre i fokus. Me gjennomfører regelmessig brukarundersøkingar, og dette er eit nyttig verktøy for å forbetra tenestene våre. Forbrukerrådet sin test har avdekka at me ikkje er gode nok til å informera om brukarundersøkingane på nettsida vår. Dette vil me sjølvsagt gjera noko med.

Meir informasjon om testen finn du her:
Forbrukerrådet sin test av kommunar 2019