Forbodssone for oppskyting av fyrverkeri på Kvernaland

Kart og vedtak i samband med forbodssona finn du her.

Time kommunestyre gjorde følgjande vedtak i møte 23. mars 2021:

  1. Time kommunestyre godkjenner at alternativ 2 vert etablert som forbodssone for privat oppskyting av fyrverkeri i Kvernaland sentrum og Stemmen.
  2. Alternativ 2 vert lagt til «Forskrift om delvis forbod mot bruk av fyrverkeri, Time kommune» og kunngjort på lovdata.no.

Vedtaket er kunngjort på Lovdata 08.04.21, og trer i kraft 09.05.21.

Last ned kart over forbodssona på Kvernaland og Stemmen (PDF, 674 kB)